Feiing og tilsyn hausten/vinteren 2020

På grunn av Korona-situasjonen måtte VTBV utsette feiing/ tilsyn av fyringsanlegg i fritidsbustadar og hytter som var planlagt våren/førsommaren 2020.

Feiarane har utført feiing i bustadar der dette kunne gjerast frå tak. Vi minner om at dei som har hatt feiing i denne perioden må huske å fjerne sotet frå sotluka.

Frå august vil vi starte opp att med feiing og tilsyn av fritidsbustadar og hytter. Eigar vil få varsel pr. SMS seinast 14 dagar før besøket, meldinga inneheld kontaktinformasjon til feiaren.

For å hindre smitte og smittespreiing ber vi alle om å halde minst 1 meter avstand til feiarane.
Dersom nokon i fritidsbustaden/hytta er i karantene eller har symptom på luftveisinfeksjon må feiar varslas og besøket utsettas.

Feiarane vil følge FHI`s gjeldande råd for feiarar for å unngå smitte og forebygge smittespreiing, (avstand min. 1 meter, god håndhygiene, bruk av eingangshanskar o.l)

Dersom situasjonen med smittespreiing endrar seg kan vi måtte gjere endringar i rutiner og planar for feiing.

Vi planlegg feiing/tilsyn av fritidsbustadar i følgjande områder hausten/vinteren 2020:

Tokke:
Skafsåheii

Vinje:
Haukeli – fylkesgrense Vestland
Austbø – Straumkrysset
Øyfjell

Seljord :
Rundt Seljordsvatnet
Grunningsdalen
Svartdal
Sudbø

Fyresdal:
Birtedalen

Kviteseid:
Kilen
Morgedal

Nissedal:
Feiing og tilsyn utført 2018 – 2019

Feiing og tilsyn

Tiltak pga. Korona-viruset

For å redusere og begrense smittefaren og risikoen for spreiing av korona-viruset utset VTBV alle tilsyn på fyringsanlegg.
For fritidsbustadar vil det heller ikkje bli varsla eller utført feiing.

Vi utført feiing av bustadhus, varsel blir sendt på SMS.
Det vil berre bli utført utvendig feiing av røykløpet, dvs. frå tak (ikkje loftsfeiing). Feiarane skal ikkje gå inn i hus,og kan såleis ikkje fjerne sot eller feie ovnsrør. Etter feiing må eigar sjølv syte for å fjerne sotet frå sotluka.

Dersom eigar/bebuarar som er i karantene, eller mistenkjer at dei har korona-smitte, får varsel om feiing, må feiaren varslas og besøket avlyses.

Vi vurdere situasjonen fortløpande og gjer tilpasningar som er i tråd med råd frå styresmaktene og eigne risikovurderingar.

Feiing og tilsyn 2020

Foto: Ole Dyrland

Forskrift om brannforebygging § 17 pålegg kommunane å sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming av byggverk blir feia etter behov, og at det blir ført tilsyn med fyringsanlegga.

Det er Vest Telemark Brannvesen IKS (VTBV) som utfører feiing og tilsyn på vegne av kommunane.

Ta kontakt med Vest Telemark Brannvesen IKS dersom det er  spørsmål om fyringsanlegg, feiing og tilsyn av fyringsanlegg.
Kontakt aktuell kommune dersom det er spørsmål til avgifter/gebyr.

2019

I 2019 blei det varsla feiing av ca 6700 røykløp (fritidsbustadar og bustadar) av ca 19000 totalt. For fritidsbustadane har vi møtt utfordringar i forhold til at vegar ikkje blir brøyta i vekene, og at det er mangelfull adressering. Dette fører til at vi har endra litt på områda som det var tenkt feiing/tilsyn i 2019. Vi ligg framleis litt etter planen vi hadde om å tilby alle feiing innan utgangen 2020.

På bakgrunn av det har vi frå 01.01.2020 auka bemanninga med eit lag (2 feiarar).

Feiing og tilsyn 2020

Varsel om feiing.
For fritidsbustad skal det varslast seinast 14 dagar før utføring, for bustadar
3 -5 dagar før utføring.
Varsel om feiing/tilsyn blir sendt til registrert eigar og/eller rekningsmottakar pr. SMS.

I tillegg til dato og tid for feiing/tilsyn inneheld varselet m.a kontaktopplysningar til feiarane som skal utføre feiing/tilsyn.

Bustad

Fyresdal:
Alle bustadar sør for flyplassen (Flyplassen – Kilegrend, Vestsida)

Kviteseid:
Sentrum – Mostøy
Fjågesund
Åsgrend – Mostøyl

Nissedal:
Fjone
Homme/Heimdal

Seljord:
Kilen
Seljord sentrum

Vinje:
Alle med unntak av Åmot sentrum og Haukeli/ Edland sentrum

Fritidsbustad

Fyresdal:

Kviteseid:
Øvre del ved Vrådal Panorama
Nissedal grense – Vrådal
Kilen
Morgedal

Tokke:
Alle utenom Lårdal og Høydalsmo – Vinje grense

Seljord:
Rundt Seljordsvatnet

Vinje:
Øyfjell
Møsstrond
Haukeli – Botn

Nissedal:
Feiing/tilsyn utført 2018 – 2019

Det kan/vil bli feiing/tilsyn i områder som ikkje står på planen dersom det er formålsteneleg eller tid til det.

Feiing og tilsyn

Forskrift om brannforebygging § 17 pålegg kommunane å sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming av byggverk blir feia etter behov, og at det blir ført tilsyn med fyringsanlegga.

Kommunane i Vest Telemark har vedteke lokal forskrift: Forskrift om feiing og tilsyn med fyringsanlegg, samt regulering av feiegebyr.                 Forskrifta er likelydande for alle Vest Telemark kommunane.

Det er Vest Telemark Brannvesen IKS (VTBV) som utfører feiing og tilsyn på vegne av kommunane.

Kostnadar og gebyr.

Feie- og tilsyngebyret er fastsett ut frå sjølvkost, dvs. at gebyret skal dekke VTBV og kommunane sine utgifter i samband med tenesta. Kostnaden vert årleg fordelt og ikkje innkrevd som totalkostnad det året feiin/tilsyn vert utført. Kommunane sjølve står for innkreving av feie/tilsyns gebyr i samsvar med sine rutiner. Spørsmål om feiing/tilsyn og fyringsanlegg stillas til VTBV, spørsmål i.f.t gebyr stillas kommunane.

Frekvens.

Med bakgrunn i historikk og erfaringar frå bustadfeiing er frekvensen, både for bustadar og fritidsbustadar, førebels sett til 3 år for feiing og 6 år for tilsyn. Dette er fastsett i den lokale forskrifta.                                                 Feiing skal utførast oftare der feiaren vurderer at det er behov.

Erfaringar 2018

VTBV starta med feiing og tilsyn i fritidsbustadar 01.01.18 med ein plan om å besøke alle fritidsbustadar ved/i nærleik til veg innan utgangen av 2020. Dessverre viser det seg at vi ligg etter planane vi hadde lagt for året. Grunnen er at vi hadde lite bakgrunnsmateriale og erfaring med denne type bustadar. Planlegging/organisering, registrering og utføring viser seg å ta lenger tid for fritidsbustadar enn for bustadar med fastbuande, i tilleggg har vi hatt uføresette hendingar som m.a har ført til redusert mannskap.                                                                                                                                    Vi arbeider no med å finne løysingar slik at vi skal unngå ytterlegare forsenkingar.

Tilbakemeldingane til feiarane og VTBV tyder på at eigarane av fritidsbustadar ser nytten av feiing og tilsyn i fritidsbustadar.

I 2018 er det utført feiing/tilsyn/kartlegging av fyringsanlegg i fritidsbustadar i desse områda:

Tjønnegrend/Kostveit – Rauland – Varlandstangen

Nissedal kommune (med unntak av Kyrkjebygdheia)

I 2019 vil det bli utført feiing/tilsyn i følgjande områder:
Bustadar:

Vinje:                                                                                                                                               Åmot                                                                                                                                                Åmot – Tokke grense (Fv 38)

Tokke:             Alle                                                                                                                                              

Seljord:                                                                                                                                       Vallar – Svartdal                                                                                                                  Nutheim – Åmotsdal                                                                                                                Bjørge – Bø grense (Rv 36)

Kviteseid:                                                                                                                                    Vrådal – Vråliosen                                                                                                                 Vrådal – Brunkeberg langs Rv 41 (ikkje    Kviteseid sentrum)

Nissedal:                                                                                                                                           Felle – Haugsjåsund – Treungen

Fyresdal:                                                                                                                           Flyplassen – Vråliosen

Fritidsbustadar:

Vinje:                                                                                                                               Kråmvikvegen                                                                                                       Raulandsgrend – Songa

Tokke:                                                                                                                                      Mostøyl – Vinje grense (E 134)                                                                                        Lårdalsvegen                                                                                                                    Høydalsmo – Øyfjell

Seljord:                                                                                                                       Kvambekkheia

Nissedal: Kyrkjebygdheia                                                                                                                                                 

Fyresdal: Alle                                                                                                                                              

Kviteseid:                                                                                                                                     Vrådal

Feiing og tilsyn av bustader/fritidsbustader frå 01.01.2018 i Vest Telemark.

Her fylgjer ei orientering til eigarar av bustader og fritidsbustader i Vest Telemark.

  • Feie og tilsynsordninga for Vest Telemark er heimla i LOV-2002-06-14-20 FOR-2014-12-17.
  • Heimel i lov 14.juni 2002 nr.20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets redningsoppgåver §28, og forskrift 17.desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging.
  • Lokal forskrift des.2017
  • Feiing og tilsyn for desse bustadtypene vil starte 02.01 2018
  • Feiing av pipe eldstad vil ha ein frekvens på kvart tredje år. Tilsyn vil vera kvart sjette år. Dette gjeld både bustadhus og fritidsbustader.
  • Det vil iflg. lokal forskrift bli kravd inn gebyr årleg.
  • Ein må be om at huseigar sørger for sikker tilkomst til pipa for feiaren.
  • Ordninga gjeld for ALLE bygg som har installert pipe/eldstad.
  • Hytteeigarar vil bli varsla minimum 14 dagar før feiing/tilsyn.
  • Huseigarar vil bli varsla 3-4 dagar før feiing/tilsyn.
  • Det vil bli varsla med SMS, bare unntaksvis med brev eller lapp.
  • Det er viktig at du er til stades når feiaren kjem slik at han får gjort jobben sin. Når det er tilsyn må han inn i hytta og vi går normalt ikkje inn i hytter eller bustader utan at eigar eller eigarrepresentant er med.
  • Bustader vil få auka frekvens frå kvart 2. år til kvart 3.år. Dette kan ein gjere for di feiarane har registrera betydeleg nedgang i sotmengda dei siste åra.
Meir info: Det vil bli publisera meir informasjon nærmare oppstarten så fylg med.

Har du spørsmål kontakt ein av feiarane våre, du finn kontaktinfo på heimesida.

Feieruter:

Det blir ikkje feiing/tilsyn av bustader i 2018, bare fritidsbustader.

Feiing/Tilsyn 2018

 

Rauland:

Heimvegli – Varland – Rettlinja – Erlandsgard – Holvik – Møsvatn – Austbø til Juvlandsvegen – Krossen til Kromviki – Kromviki til Arabygde

Åmot:

Åmot til Rauland – Åmot til Vinjesvingen

Haukeli:

Vinjesvingen til Haukeli – Haukeliheia til Songa – Bykleheia – Haukeli til Bordalen – E-134 frå Myrane til Botn – Arbu:

 

Vinje: Rauland

Austbø til Holtardalen- Holtardalen – Listaulli – Holtardalen til høgfjellshotellet – Flåtebu – Uvand-Farhovd – Vierli – Angravsli.

 

Kviteseid: Vrådal

Furuheimvegen -Tiurfaret – Krodalen – Vrådalstunet- Røyavegen -Tiuråsen – Veslegrenda

 

Nissedal:

Treungen – Gautefall-Fjonevegen-Felle-Kyrkjebygdheia.

 

 

 

 

 

Antall pipebrannar i Vest-Telemark 2016

Då felles feieteneste i Vest-Telemark vart starta i 2009 hadde vi til saman 35 pipebrannar årleg. Dette har synt ein gradvis nedgang fram mot 2016 då vi hadde 6 pipebrannar. Totalt antall piper i Vest-Telemark er ca 7500.

Nedgangen skuldast at ein del har gått til anskaffelse av reintbrennande eldstad, ein god del har installert varmepumpe i tillegg og sist men ikkje minst har mange lagt om fyringsmønsteret etter veiledning frå feiarane våre, t.d mindre rundfyring.

Pipebrannar Vest-Telemark 2016
Pipebrannar Vest-Telemark 2016