Feiing og tilsyn av bustader/fritidsbustader frå 01.01.2018 i Vest Telemark.

Her fylgjer ei orientering til eigarar av bustader og fritidsbustader i Vest Telemark.

  • Feie og tilsynsordninga for Vest Telemark er heimla i LOV-2002-06-14-20 FOR-2014-12-17.
  • Heimel i lov 14.juni 2002 nr.20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets redningsoppgåver §28, og forskrift 17.desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging.
  • Lokal forskrift des.2017
  • Feiing og tilsyn for desse bustadtypene vil starte 02.01 2018
  • Feiing av pipe eldstad vil ha ein frekvens på kvart tredje år. Tilsyn vil vera kvart sjette år. Dette gjeld både bustadhus og fritidsbustader.
  • Det vil iflg. lokal forskrift bli kravd inn gebyr årleg.
  • Ein må be om at huseigar sørger for sikker tilkomst til pipa for feiaren.
  • Ordninga gjeld for ALLE bygg som har installert pipe/eldstad.
  • Hytteeigarar vil bli varsla minimum 14 dagar før feiing/tilsyn.
  • Huseigarar vil bli varsla 3-4 dagar før feiing/tilsyn.
  • Det vil bli varsla med SMS, bare unntaksvis med brev eller lapp.
  • Det er viktig at du er til stades når feiaren kjem slik at han får gjort jobben sin. Når det er tilsyn må han inn i hytta og vi går normalt ikkje inn i hytter eller bustader utan at eigar eller eigarrepresentant er med.
  • Bustader vil få auka frekvens frå kvart 2. år til kvart 3.år. Dette kan ein gjere for di feiarane har registrera betydeleg nedgang i sotmengda dei siste åra.
Meir info: Det vil bli publisera meir informasjon nærmare oppstarten så fylg med.

Har du spørsmål kontakt ein av feiarane våre, du finn kontaktinfo på heimesida.

Feieruter:

Det blir ikkje feiing/tilsyn av bustader i 2018, bare fritidsbustader.

Feiing/Tilsyn 2018

 

Rauland:

Heimvegli – Varland – Rettlinja – Erlandsgard – Holvik – Møsvatn – Austbø til Juvlandsvegen – Krossen til Kromviki – Kromviki til Arabygde

Åmot:

Åmot til Rauland – Åmot til Vinjesvingen

Haukeli:

Vinjesvingen til Haukeli – Haukeliheia til Songa – Bykleheia – Haukeli til Bordalen – E-134 frå Myrane til Botn – Arbu:

 

Vinje: Rauland

Austbø til Holtardalen- Holtardalen – Listaulli – Holtardalen til høgfjellshotellet – Flåtebu – Uvand-Farhovd – Vierli – Angravsli.

 

Kviteseid: Vrådal

Furuheimvegen -Tiurfaret – Krodalen – Vrådalstunet- Røyavegen -Tiuråsen – Veslegrenda

 

Nissedal:

Treungen – Gautefall-Fjonevegen-Felle-Kyrkjebygdheia.