Feiing og tilsyn 2020

Foto: Ole Dyrland

Forskrift om brannforebygging § 17 pålegg kommunane å sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming av byggverk blir feia etter behov, og at det blir ført tilsyn med fyringsanlegga.

Det er Vest Telemark Brannvesen IKS (VTBV) som utfører feiing og tilsyn på vegne av kommunane.

Ta kontakt med Vest Telemark Brannvesen IKS dersom det er  spørsmål om fyringsanlegg, feiing og tilsyn av fyringsanlegg.
Kontakt aktuell kommune dersom det er spørsmål til avgifter/gebyr.

2019

I 2019 blei det varsla feiing av ca 6700 røykløp (fritidsbustadar og bustadar) av ca 19000 totalt. For fritidsbustadane har vi møtt utfordringar i forhold til at vegar ikkje blir brøyta i vekene, og at det er mangelfull adressering. Dette fører til at vi har endra litt på områda som det var tenkt feiing/tilsyn i 2019. Vi ligg framleis litt etter planen vi hadde om å tilby alle feiing innan utgangen 2020.

På bakgrunn av det har vi frå 01.01.2020 auka bemanninga med eit lag (2 feiarar).

Feiing og tilsyn 2020

Varsel om feiing.
For fritidsbustad skal det varslast seinast 14 dagar før utføring, for bustadar
3 -5 dagar før utføring.
Varsel om feiing/tilsyn blir sendt til registrert eigar og/eller rekningsmottakar pr. SMS.

I tillegg til dato og tid for feiing/tilsyn inneheld varselet m.a kontaktopplysningar til feiarane som skal utføre feiing/tilsyn.

Bustad

Fyresdal:
Alle bustadar sør for flyplassen (Flyplassen – Kilegrend, Vestsida)

Kviteseid:
Sentrum – Mostøy
Fjågesund
Åsgrend – Mostøyl

Nissedal:
Fjone
Homme/Heimdal

Seljord:
Kilen
Seljord sentrum

Vinje:
Alle med unntak av Åmot sentrum og Haukeli/ Edland sentrum

Fritidsbustad

Fyresdal:
Pga. manglande adressering er det ikkje planlagt feiig/tilsyn i 2020

Kviteseid:
Øvre del ved Vrådal Panorama
Nissedal grense – Vrådal
Kilen
Morgedal

Tokke:
Alle utenom Lårdal og Høydalsmo – Vinje grense

Seljord:
Rundt Seljordsvatnet

Vinje:
Øyfjell
Møsstrond
Haukeli – Botn

Nissedal:
Feiing/tilsyn utført 2018 – 2019

Det kan/vil bli feiing/tilsyn i områder som ikkje står på planen dersom det er formålsteneleg eller tid til det.