
På grunn av Korona-situasjonen måtte VTBV utsette feiing/ tilsyn av fyringsanlegg i fritidsbustadar og hytter som var planlagt våren/førsommaren 2020.
Feiarane har utført feiing i bustadar der dette kunne gjerast frå tak. Vi minner om at dei som har hatt feiing i denne perioden må huske å fjerne sotet frå sotluka.
Frå august vil vi starte opp att med feiing og tilsyn av fritidsbustadar og hytter. Eigar vil få varsel pr. SMS seinast 14 dagar før besøket, meldinga inneheld kontaktinformasjon til feiaren.
For å hindre smitte og smittespreiing ber vi alle om å halde minst 1 meter avstand til feiarane.
Dersom nokon i fritidsbustaden/hytta er i karantene eller har symptom på luftveisinfeksjon må feiar varslas og besøket utsettas.
Feiarane vil følge FHI`s gjeldande råd for feiarar for å unngå smitte og forebygge smittespreiing, (avstand min. 1 meter, god håndhygiene, bruk av eingangshanskar o.l)
Dersom situasjonen med smittespreiing endrar seg kan vi måtte gjere endringar i rutiner og planar for feiing.
Vi planlegg feiing/tilsyn av fritidsbustadar i følgjande områder hausten/vinteren 2020:
Tokke:
Skafsåheii
Vinje:
Haukeli – fylkesgrense Vestland
Austbø – Straumkrysset
Øyfjell
Seljord :
Rundt Seljordsvatnet
Grunningsdalen
Svartdal
Sudbø
Fyresdal:
Birtedalen
Kviteseid:
Kilen
Morgedal
Nissedal:
Feiing og tilsyn utført 2018 – 2019