Føremål

Føremålet med VTBV er å verne liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og eksplosjon, mot ulukker med farleg stoff og gods samt andre akutte ulukker.

VTBV er eit interkommunalt samarbeid mellom eigarkommunane Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal.

Lov om vern mot brann mv. §15 set krav til kommunane om å samarbeide om lokale og regionale løysingar av førebyggande- og beredskapsmessige oppgåver med sikte på ei best mogleg utnytting av dei samla ressursane i regionen.

Eigarkommunane har med dette vald å samarbeide om administrasjon – førebygging og feiing i regionen.

Beredskapen er framleis forankra i kvar enkelt kommune, men brannsjefen har etter brannvernlova eit fagleg ansvar for mannskapa.

Øverste organ er representantskapet som består av ordførarane i samarbeidskommunane.