Ledig stilling som feiar

Vest Telemark brannvern søkjer etter ny feiar.

Vest Telemark brannvern er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Tokke, Seljord, Vinje, Kviteseid og Nissedal. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvern og utføre lovpålagde brannførebyggande oppgåver i vertskommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo. Vi har i dag 8 feiarar tilsette.

Då ein av våre feiarar går over til andre oppgåver søker vi ein ny feiar.

Feiaren har utgangspunkt i Høydalsmo, men for søkjarar som bur andre stadar vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysningar.

Arbeidsoppgåvene :

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg på bustad/fritidsbustad.

Saksbehandling og oppfølging før og etter feiing og tilsyn med fyringsanlegget.

Informasjon og motivasjonstiltak mot brukar og eigar av fyringsanlegget.

Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt.

Krav til stillinga:

Fagbrev som feiar eller anna relevant fagbrev. Det kan og leggast vekt på anna utdanning innan

brannvernarbeid.

Den som vert tilsett må vere viljug til å ta utdanning etter krav i forskrifter.

Sjølvstendig og påliteleg.

Gode samarbeidsevner.

God skriftleg og munnleg framstillingsevner i språket norsk.

Førarkort klasse B.

God helse og fysikk.

Serviceinnstilt.

Interesse for fagområdet.

Lønn etter avtale. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP.

Den som får tilbod om stillinga må framlegga helse og politiattest av nyare dato.

Ein tek atterhald om endringar i stillingas arbeids- og ansvarsområde som fylje av framtidige organisasjonsendringar.

Søknad med CV sendast til: Vest Telemark Brannvern IKS v/ Ole John Almenning, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.

Eller: ole-john.almenning@vtbv.no

Spørsmål om stillinga kan rettast til Ole John Almenning 95992215 eller Thomas Auestad 97145644

Søknadsfrist 7/12-2020.