Velkommen til

Vest-Telemark brannvern IKS

Interkommunalt samarbeid om brannvern mellom eigarkommunane Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal.

Min eiendom

Logg deg inn i brukerportalen her

Siste nytt

Ingen resultater funnet

Siden du ser etter ble ikke funnet. Prøv å omformulere søket ditt, eller bruk menyen.

Føremål

Føremålet med VTBV er å verne liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og eksplosjon, mot ulukker med farleg stoff og gods samt andre akutte ulukker.

VTBV er eit interkommunalt samarbeid mellom eigarkommunane Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal.

Lov om vern mot brann mv. §15 set krav til kommunane om å samarbeide om lokale og regionale løysingar av førebyggande- og beredskapsmessige oppgåver med sikte på ei best mogleg utnytting av dei samla ressursane i regionen.

Eigarkommunane har med dette vald å samarbeide om administrasjon – førebygging og feiing i regionen.

Beredskapen er framleis forankra i kvar enkelt kommune, men brannsjefen har etter brannvernlova eit fagleg ansvar for mannskapa.

Øverste organ er representantskapet som består av ordførarane i samarbeidskommunane.

Styre

Vest Telemark brannvesen IKS  er organisert med eit styre som m.a skal sørge for at det vert utarbeidd årsbudsjett, årsrapport og rekneskap.

Styret i VTBV er samansett av:

Styreleiar: Åge Verpe
Kontaktinfo:

  • 6 medlemmer med varamedlemar alle frå eigarkommunane.
  • Brannsjefen i VTBV er sekretær for styret.

Kontaktinformasjon

 

Tlf.: 35 07 57 11

E-post: post@vtbv.no

Høydalsmovegen 815

3891 Høydalsmo