Dersom eit bygg som ikkje er bygd og godkjent som overnattingsstad (skule, samfunnshus, barnehage, idrettshall, kyrkje o.l.) skal nyttas til overnatting, skal den som er ansvarleg for arrangementet, i god tid (2 veker) sende melding til lokal branntilsynsmyndighet (Vest Telemark Brannvesen IKS), jf. Brann- og eksplosjonsvernlova § 7.
Ved melding om arrangement kan brannvesenet krevje dei opplysningane som er nødvendige for å vurdere faren for brann, og om nødvendig pålegge brannsikringstiltak og begrensningar for overnattinga.
Når skjemaet er utfylt sendast det elektronisk ved å trykke «Send» knappen. Felt som er påkravde er merka med stjerne, *.
Vest Telemark Brannvesen IKS informerer lokalt brannvesen om arrangementet.