For å hindre smitte og smittespreiing ber vi alle om å halde minst 1 meter avstand til feiarane.
Dersom nokon i fritidsbustaden/bustaden er i karantene eller har symptom på luftveisinfeksjon må feiar varslas og besøket utsettas.

Feiarane vil følge FHI`s gjeldande råd for feiarar for å unngå smitte og forebygge smittespreiing, (avstand min. 1 meter, god håndhygiene, bruk av eingangshanskar o.l)

Dersom situasjonen med smittespreiing endrar seg kan vi måtte gjere endringar i rutiner og planar for tilsyn og feiing.

Fylgjande område blir feia i 2021:


Vinje.
Bustader: Det blir ikkje feia bustader i år( bortsett frå dei som må feiast årleg).
Det blir tilsyn på bustader frå Hyllandsfossen i Åmot – Rauland – Varland, Rauland – Vå og Arabygdi og frå Brubakk i Åmot til Tokke grensa.

Fritidsbustader: Heile Møsstrond i veke 11 og 12. Resten av året frå Haukeli til Åmot.

Tokke.
Bustadar: Det blir tilsyn på budstadar frå Austheia,Åmdalsverk,Skafså,Dalen, Mo,Byrte,Eidsborg og Lårdal.
Det blir ikkje feia bustader i år( bortsett frå dei som må feiast årleg).

Fyresdal.
Bustadar: Det blir tilsyn på bustadar frå Kilegrend til sentrum og frå Kleivgrend til Veum.
Fritidsbustadar: Det blir feiing/tilsyn på Torsdalsvegen, Øysævegen og Gausvassvegen.
Det blir ikkje feia bustader i år( bortsett frå dei som må feiast årleg).

Kviteseid.
Bustadar: Det blir tilsyn på bustadar frå Morgedal, Kviteseid sentrum, Høgvoll,Lauvstadvegen,Flatin,Dalanvegen,Granlinvegen til Fjågesund og Vrådal til Vråliossen.
Det blir ikkje feia bustader i år( bortsett frå dei som må feiast årleg).

Nissedal.
Bustadar: Det blir tilsyn på bustadar frå Haugsjåsund til Nissedal.
Det blir ikkje feia bustader i år( bortsett frå dei som må feiast årleg).

Seljord.
Bustadar: Det blir tilsyn på bustadar frå Norbygdi,Sentrum,Moen,Manheimstondi,Garvikstrondi og Åmotsdal.
Det blir ikkje feia bustader i år( bortsett frå dei som må feiast årleg).