Feiing og tilsyn av bustader/fritidsbustader frå 01.01.2018 i Vest Telemark.

Her fylgjer ei orientering til eigarar av bustader og fritidsbustader i Vest Telemark.

  • Feie og tilsynsordninga for Vest Telemark er heimla i LOV-2002-06-14-20 FOR-2014-12-17.
  • Heimel i lov 14.juni 2002 nr.20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets redningsoppgåver §28, og forskrift 17.desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging.
  • Lokal forskrift des.2017
  • Feiing og tilsyn for desse bustadtypene vil starte 02.01 2018
  • Feiing av pipe eldstad vil ha ein frekvens på kvart tredje år. Tilsyn vil vera kvart sjette år. Dette gjeld både bustadhus og fritidsbustader.
  • Det vil iflg. lokal forskrift bli kravd inn gebyr årleg.
  • Ein må be om at huseigar sørger for sikker tilkomst til pipa for feiaren.
  • Ordninga gjeld for ALLE bygg som har installert pipe/eldstad.
  • Hytteeigarar vil bli varsla minimum 14 dagar før feiing/tilsyn.
  • Huseigarar vil bli varsla 3-4 dagar før feiing/tilsyn.
  • Det vil bli varsla med SMS, bare unntaksvis med brev eller lapp.
  • Det er viktig at du er til stades når feiaren kjem slik at han får gjort jobben sin. Når det er tilsyn må han inn i hytta og vi går normalt ikkje inn i hytter eller bustader utan at eigar eller eigarrepresentant er med.
  • Bustader vil få auka frekvens frå kvart 2. år til kvart 3.år. Dette kan ein gjere for di feiarane har registrera betydeleg nedgang i sotmengda dei siste åra.
Meir info: Det vil bli publisera meir informasjon nærmare oppstarten så fylg med.

Har du spørsmål kontakt ein av feiarane våre, du finn kontaktinfo på heimesida.

Feieruter:

Det blir ikkje feiing/tilsyn av bustader i 2018, bare fritidsbustader.

Feiing/Tilsyn 2018

 

Rauland:

Heimvegli – Varland – Rettlinja – Erlandsgard – Holvik – Møsvatn – Austbø til Juvlandsvegen – Krossen til Kromviki – Kromviki til Arabygde

Åmot:

Åmot til Rauland – Åmot til Vinjesvingen

Haukeli:

Vinjesvingen til Haukeli – Haukeliheia til Songa – Bykleheia – Haukeli til Bordalen – E-134 frå Myrane til Botn – Arbu:

 

Vinje: Rauland

Austbø til Holtardalen- Holtardalen – Listaulli – Holtardalen til høgfjellshotellet – Flåtebu – Uvand-Farhovd – Vierli – Angravsli.

 

Kviteseid: Vrådal

Furuheimvegen -Tiurfaret – Krodalen – Vrådalstunet- Røyavegen -Tiuråsen – Veslegrenda

 

Nissedal:

Treungen – Gautefall-Fjonevegen-Felle-Kyrkjebygdheia.

 

 

 

 

 

Forslag til lokal forskrift om tilsyn med bygninger, områder m.m. i alle Telemarks kommuner.

 

Høyring – Forslag til lokal forskrift om tilsyn med bygningar, områder m.m. i alle Telemarks kommuner.

Forslag til lokal forskrift om tilsyn med bygningar, områder m.m. i alle Telemarks kommuner, sendes med dette ut på høyring. Dette forslaget er utarbeidd i samarbeid med Porsgrunn, Skien, Notodden, Siljan, Bamble, Kragerø, Drangedal, Nome Bø, Sauherad, Tinn, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje kommune.

Forslaget til lokal forskrift kan hentas på de respektive kommunars servicetorg/kontor, kommunenes hjemmesider og her:

Saksfremlegg lokal forskrift 2017

Lokal forskrift 2017 Forskrift om tilsyn med bygninger områder m m

For ytterligare informasjon om forslaget til lokal forskrift, ta kontakt med

Vest Telemark Brannvesen IKS pr. post@vtbv.no eller tlf. 35075711

Frist for å komme med merknadar er 23.06.2017. Merknadar kan sendas til respektive kommunars postmottak:

Tokke:              postmottak@tokke.kommune.no

Fyresdal:          postmottak@fyresdal.kommune.no

Nissedal:          postmottak@nissedal.kommunme.no

Vinje:               postmottak@vinje.kommune.no

Seljord:            post@seljord.kommune.no

Kviteseid:         post@kviteseid.kommune.no

Merknadane merkas Høringsinnspel + Vest Telemark Brannvesen IKS

Antall pipebrannar i Vest-Telemark 2016

Då felles feieteneste i Vest-Telemark vart starta i 2009 hadde vi til saman 35 pipebrannar årleg. Dette har synt ein gradvis nedgang fram mot 2016 då vi hadde 6 pipebrannar. Totalt antall piper i Vest-Telemark er ca 7500.

Nedgangen skuldast at ein del har gått til anskaffelse av reintbrennande eldstad, ein god del har installert varmepumpe i tillegg og sist men ikkje minst har mange lagt om fyringsmønsteret etter veiledning frå feiarane våre, t.d mindre rundfyring.

Pipebrannar Vest-Telemark 2016
Pipebrannar Vest-Telemark 2016