Forbod mot åpen eld i skogsmark.
Det generelle bålforbodet gjeld i perioden 15. april til 15. september. Då er det forbod å gjera opp eld i og i nærleiken av skog og annen utmark, dette gjeld også bruk av eingongsgrill og bålpanne.

Det er tillatt å gjera opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann. Med «åpenbart ikkje medføre brann» meinast f. eks. at det ligg sno på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Vi gjer oppmerksom på at du tenner på på eige ansvar og kan stillast til ansvar dersom bålet kjem ut av kontroll. Er du usikker på om det er trygt å tenne bål så la det vera!

Forbodet gjeld ikkje innmark (gårdsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og liknande områder.Men den generelle aktsomheitsregelen gjeld sjølvsagt her også.

Dersom brannfaren er spesielt stor (for eksempel ved fare for skogbrann), kan kommunen innføre forbud mot bruk av eld i bestemte områder.

Reglane om bålbrenning blir styrt av Forskrift om brannforebygging §3.

Skal du brenne bråte/bål?
Meld frå til 110-sentralen i Tønsberg. Service nmr: 333 14 110